FØLG OSS PÅ    SKRIFTSTØRRELSE  A A  A     
ny_aktuelt_museum_16_03.jpg
ny_aktuelt_museum_16_05.jpg
ny_aktuelt_museum_16_08.jpg
FØLG OSS PÅ
Meny
 

Ragnhild Aamås: Flyt - Vestlandsutstillingen 2018, 24.8.-7.10.2018

Foto: Ragnhild Aamås
Foto: Ragnhild Aamås

Kunstner: Ragnhild Aamås

Sted: Overlyssalen

Ragnhild Aamås
Flyt
24.08- 07.10, 2018

Vi har ikkje noko godt norsk ord for spoken word. Språkhending? Ordframføring? Ragnhild gjer uansett si eiga greie. På lydopptaka er stemma syngande og glir friksjonsfritt mellom fleire språk. Det er noko i stemma som samsvarar med dei andre verka hennar. Noko både attkjennbart og framandt? Noko vilt og opprørsk og samstundes strengt formmessig? Noko som alltid snakkar med fleire stemmer? Noko springande og samstundes meiningsmetta? Eg har sett for lite av det ho gjer. Vi bur i kvar vår by. Fråflyttarar som berre glimtvis sjåast. Og likevel. Kunsten og verda. Det brenn. Under auga brannen. *

I utstillinga Flyt undersøker Ragnhild Aamås etterverknaden av oppbrot, heimstadleiting og tilhøyrsle mellom kontinent skilde av hav, og biletverda som omgjev desse hendingane.
 
Ragnhild Aamås (f. 1984, Volda) bur og arbeider i Oslo. Ho arbeider undersøkande og metodisk, i formsjangrar som collage, skulptur, foto, appropriasjon, tekstopplesing og lyd. Verka hennar har eit minimalistisk uttrykk og er svært tett knytt til hennar eigne tekstar. Ho er oppteken av rammene til det offentlege og det private. Aamås er utdanna ved Central Saint Martins College of Art and Design i London, Kunsthøgskolen i Oslo og har i tillegg utdanning innan arkeologi frå Universitetet i Oslo, med fordjuping i filosofi. Aamås er med å drive det kunstnarstyrte visningsrommet Podium (etabl.2003) i Oslo, saman med kunstnarane Ignas Krunglevicius og Ayatgali Tuleubek. I september er ho aktuell ved bokmessa MAD i Paris, som del av PUB (Torpedo Press og Eller med a) si deltaking der.

Utstillinga er kuratert av Randi Grov Berger og inngår i Vestlandsutstillingen 2018, ei annleis utgåve av den tradisjonelle landsdelsutstillinga. VU18 består i år av seks separatutstillingar, og inkluderer visningsstadane Kunsthuset Kabuso, Sogn og Fjordane Kunstmuseum i samarbeid med Sunnfjord Kunstlag, Haugesund Billedgalleri i samarbeid med Haugesund Kunstforening, Jugendstilsenteret og KUBE, Entrée og Kunsthall Stavanger. VU18 presenterer kunstnarane Ragnhild Aamås, Magnhild Øen Nordahl, Trudi Jaeger, Eivind Egeland, Karen Skog og kunstnarduoen Blomgren & Skuladottir, som samla utgjer ein breidde i det som skjer på den vestlandske kunstscena.

* Utdrag frå essayet ’Eit større regn’, skrevet for utstillinga av Kaisa Aglen.

Utstillinga er støtta av Norsk Kulturråd.

Vestlandsutstillingen er støtta av fylkeskommunene Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland.

Design og CMS: Osberget.no