Åpningstider
Mai til september: Hver dag kl.10–17
Oktober til april: Tirsdag-søndag kl.11–16, Mandag stengt
Hele året: Langåpent hver torsdag til kl. 20
Meny

skjermbilde_2012_07_31_kl_14_06_38.png

I denne biletforteljinga kan ein følge arkivet etter arkitekt Hans Backer Fürst, frå loftet på familien Fürst sitt hus og fram til forsking ved dokumentasjonssenteret på Jugendstilsenteret i Ålesund. Else Marie Dahl, engasjert og aktivt styremedlem, busett i Oslo, sette Jugendstilsenteret i kontakt med familien Fürst i 2004.

Hans Backer Fürst sine tre då gjenlevande born Henrik, Liv og Hans, gav arkivet etter faren i gåve til Jugendstilsenteret. Liv er i mellomtida gått bort.

”Hansbu”, huset Hans Backer Fürst teikna til si eiga familie. Her var arkivet lagra.

For eit funn! Pakke på pakke med tusenvis av dokument over eit heilt livs virke. Eit eineståande høve til innblikk i arbeidet til ein arkitekt. Langs raftene på loftet i ”Hansbu” hadde arkivet lagt pakka og i system i 70 år. Arkivet var systematisert alfabetisk etter byggherre.

Vi opnar ei tilfeldig mappe og finn teikningar frå Latinskolen i Ålesund, ein av tolv bygningar Hans Backer Fürst og bror hans Christian Fürst teikna saman i Ålesund. Christian, som var sytten år eldre enn bror sin, var ein veletablert arkitekt. Hans Backer Fürst arbeidde hos broren til Christian døydde i 1910.

Jugendstilsenteret samarbeider med Interkommunalt arkiv i Møre og Romsdal – IKA – om magasinlokale. I dei nye lokala i Kirkegata i Ålesund er det førsteklasses tilhøve for arkivering av arkivmateriale. Her kjem Fürstarkivet til IKA i Ålesund.

Det står igjen eit stort arbeid med utpakking, lagring og registrering av dei tusenvis av dokumenta, først og fremst teikningar og andre dokument om ulike hus, men óg originalmanus, foto, bøker og til og med kjærleiksbrev, finst i arkivet. Men det første ein må gjere er å pakke om og skifte ut gråpapiret som har samla ein god del støv i dei 70 åra det har vore lagra.

Sjølv ved ein overflatisk gjennomgang ser vi at det finst mykje eineståande kjeldemateriale som kan gje bakgrunnsstoff for mellom anna gjenoppbygginga av Ålesund. Her er det tilbod, kontraktar, prisoverslag, brosjyrar og ved eit høve, tapetprøver. Nokre foto er óg med, som til dømes eit bilete av den unge arkitekten Hans Backer Fürst slik han såg ut då han var i Ålesund.

Vi finn óg bilete frå interiør og eksteriør i familien Rønneberg sin villa ”Korsen” i Ålesund. Her er den under bygging. Slike foto er ikkje kjende før.

Teikningar frå interiøret i Rønnebergvillaen har også til no vore heilt ukjende.

Hans Backer Fürst var òg skjønn- og faglitterær forfatter. Dette ser ein òg frå arkivet, både i form av manus og dei ferdige bøkene.

Det har vore gjort lite forsking på gjenoppbygginga av Ålesund, på arkitektane og arkitekturen. Men dette arkivet opnar for ny kunnskap. Masterstudent i kunsthistorie i Oslo, Tom Audun Rossland Knutsen, har skrive mastergrad om nokre av brørne Fürst sine arbeid. Utan arkivet ville det ikkje vore mogeleg.

Heile oppgåva kan ein laste ned under "Fürstarkivet"