Åpningstider


Januar – juni: onsdag – søndag 11 – 16


17. juni – 23. aug.: mandag – søndag 10 – 16 

 

Meny

Vestlandsutstillingen på Jugendstilsenteret 19.2 - 14.3.2021

"Triptyk" av Siri Ekker Svendsen
"Triptyk" av Siri Ekker Svendsen

Vestlandsutstillingen 2021 opnar på Jugendstilsenteret i Ålesund fredag 19. februar.

Velkomen til opning av Vestlandsutstillingen 2021 på Jugendstilsenteret fredag 19. februar kl. 11.00 til 20.00. Det er gratis inngang heile åpningsdagen og for alle.

Me ønskjer velkomen til ei utstilling som viser 31 verk av 16 kunstnarar som på ulike vis er tilknytt Vestlandet. Alle verka er unike og rommar si eiga historie, men gjennom å bli plasserte i ei utstilling saman med andre verk blir meiningar forsterka eller endra. Dette spelar kurator Heidi Bjørgan (f.1970) medvite på i utforminga av utstillinga.

Bjørgan jobbar med å iscenesette kunstverka i høve til kvarandre for å skape ei underfundig stemning der venleik og uhygge går hand i hand, og ho trekkjer parallellar mellom filmregissøren David Keith Lynch (f.1946) sitt visuelle filmspråk og sine eigne prosjekt som kurator.
Publikum vil møte ei utstilling der både død og elende kan lure under perfekte overflater, samstundes som noko vakkert kan gøyme seg i det som ser forderva og øydelagt ut. Bjørgan inviterer kvar einskild utstillingsgjest til å vere ein aktiv medskapar i dei historier som Vestlandsutstillingen 2021 kan fortelje.

Utstillinga står fram til 14.mars.

Tusen takk til Møte og Romsdal Fylkeskommune, Vestland Fylkeskommune og Rogaland Fylkeskommune.

Deltakande kunstnarar:
Kristina Aas/Karina Presttun, Kristin Austreid, Æsa Bjørk, Helene Førde, Mona Orstad Hansen, Tina Jonsbu, Tom Kosmo, Gabriel Johann Kvendseth, Cato Løland, Irene Nordli, Tovelise Røkke Olsen, John K. Raustein, Siri Ekker Svendsen, Kristin Tårnesvik, Brynhild Grødeland Winther.

//
Om kurator:
Heidi Bjørgan (f.1970) har MA i keramisk kunst, samt Skapende kuratorpraksis frå Kunsthøgskolen i Bergen. Ho har bidrege til ei fornying av diskursen knytt til kunsthandverk i norsk samanheng, både gjennom sitt arbeid som kunstnar, og gjennom si verksemd som kurator. Ho var med på å starte galleri/prosjektrommet Temp i Skottegaten i Bergen (2000-2002). Bjørgan har blant anna vore kurator for utstillingar ved Rogaland Kunstsenter, Galleri F15, Hordaland kunstsenter og Galleri Format. For KODE har ho kuratert den internasjonale utstillinga Thing Tang Trash og Signert Inger Waage. Heidi Bjørgan var også medkurator for den store mønstringa av Norsk og kinesisk kunsthandverk Beyond g(l)aze som vart vist både på Suzhou Jinji Lake Art Museum i Kina og på KODE. Ho var også medkurator for utstillinga KREFTER – Dyrdal Kvasbø Tingleff på KODE (2019).

//
Om Vestlandsutstillingen:
Vestlandsutstillingen er den eldste landsdelsutstillinga, og vart for fyrste gong vist på Bergen Kunstforening i 1922. Det har sidan byrjinga vore ei juryert gruppeutstilling med fri innsending. Då bestod juryen av 5 kunstnarar som var valt av biletkunstnar-organisasjonane, men utstillinga har sidan 1998 bestått av 1–3 inviterte kuratorar. Formålet med utstillinga er å arrangere ei årleg utstilling med verk av kunstnarar som har tilknyting til Vestlandet. Utstillinga skal vise fram samtidskunst av høg kvalitet som speglar den vestlandske kunstscena slik den går føre seg i lokale, nasjonale og internasjonale kontekstar ut mot resten av landet.
Vestlandsutstillingen er ei foreining eigd av sine medlemmer frå kunstnarorganisasjonane Bildende Kunstneres Forening Hordaland, Bildende Kunstneres Forening Møre og Romsdal, Biletkunstnarane i Sogn og Fjordane, og Bildende Kunstneres Forening Rogaland, samt Kunsthuset Kabuso, Stiftelsen Kulturkvartalet, Kunsthall Stavanger, Haugesund Kunstforening, Kunstgarasjen og Sunnfjord Kunstlag.