Åpningstider

Museum

Mai til september: Hver dag kl.10–17
Oktober til april: Tirsdag-søndag kl.11–16, Mandag stengt
Hele året: Langåpent hver torsdag til kl. 20

Kafé

Mai til september: Hver dag kl.12–16
Oktober til april: Stengt

Meny

Vestlandsutstillingen 2019, 
8.2 - 10.3 på KUBE

Arild Våge Berge: "The Gravity of a Lake Focused Into One Point", 2017.
Arild Våge Berge: "The Gravity of a Lake Focused Into One Point", 2017.

Velkomen til opninga av Vestlandsutstillingen 2019:

"Vi er stedene"

på KUBE fredag 8. februar kl. 19.00.

Opninga er gratis og open for alle.
Det vert opningsfest i Apotekeren kafé i Jugendstilsenteret i etterkant av opninga!

Vestlandsutstillingen 2019 syner 35 kunstnare som på ulike måter har ein tilknytning til Vestlandet.

Fyrste stopp er Ålesund og utstillinga står på KUBE i perioden 8.2 til 10.3.


Årets Vestlandsutstilling viser 35 kunstnere som på ulike måter har en tilknytning til Vestlandet.

Første stopp er i Ålesund og står på KUBE i perioden 8.2 til 10.3.

//

Om utstillinga:

Presentasjonen tek form av ei gruppeutstilling og stadspesifikke verk til kvar visningsstad, samt ein publikasjon som både stiller ut kunstverk og inneheld ein lengre tekst om Vestlandet anno 2019 – det siste året med landsdelen slik me kjenner den i dag. Forfattar og kurator er Marte Danielsen Jølbo frå Stavanger.

 «Det siste året har jeg tenkt mye på steder, på hva som konstituerer et sted, men også hva som gjør at de nye stedene man gjennom livet flytter til etterhvert føles som et hjem.Hva innebærer det å føle seg hjemme i et landskap?»

– Marte Danielsen Jølbo i Vi er stedene

 Gjennom dei tre utstillingsspora opnar Jølbo for spørsmål som knyttar kunsten til stad og materialitet, stadshistorie, tilhøyrsle, litteratur og politikk. Utstillinga gjev døme både på korleis kunsten kan være ein stad for tenking og diskusjon rundt aktuelle samfunnsspørsmål så vel som personlege estetiske erfaringar og refleksjon.

 //

 Stadspesifikke verk:

På KUBE vert det presentert to stadspesifikke verk av henholdsvis Lillian Tørlen og Jiska Huizing. Tørlen, som opprinneleg kjem frå Ålesund, har mellom anna late seg inspirere av byen sine skifertak og gråtonar når ho for utstillinga har laga ein ny serie med keramiske vasar. Meir konkret har vasane fått sine former frå KUBE sin arkitektur, galleriet sine rom og interiør. Mange av dei har eit tydeleg element av personifisering der dei lener seg inn i hjørner eller sit på vinduskarmar og kantar. Nokre står komfortabelt, perfekt tilpassa sine omgjevnader, mens andre er flytta frå sin originale heim og synest litt meir skeive og utilpass.

 

Det andre stadspesifikke verket er eit lydverk av den nederlandske kunstnaren Jiska Huizing. Huizing har gjort opptak av lydar frå fleire stader i Ålesund og satt dei saman i ein ny komposisjon som også inneheld tekst om stadane ho har observert. Lydverket til Ålesund vil være tilgjengeleg i utstillinga, og ein bearbeida versjon oppførast live på opninga av Vestlandsutstillingen.

Deltakande kunstnarar:

Gruppeutstilling:

Anette Gellein, Arild Våge Berge, Åse Løvgren & Stine Gonsholt, Aurora Solberg, Gunnhild Torgersen, Hilde Frantzen, Elin Brissman, Ida Madsen Følling, Johanne Hestvold, Kenneth Varpe, Maiken Stene, Margrethe Aanestad, Natasja Askelund, Ole Martin Lund Bø, Per Christian Brown, Roddy Bell, Siv Bugge Vatne, Stian Ådlandsvik, Tor-Finn Malum Fitje, Trond Hugo Haugen, Yngve Mathisen

 Stadspesifikke verk:

Azar Alsharif (Kunsthall Stavanger), Hans Edward Hammonds (Haugesund Billedgalleri), Ingrid Lønningdal (Kunstgarasjen), Jiska Huizing (alle visningsstadene), Lillian Tørlen (Kunstmuseet KUBE), Solveig Landa (Kunsthuset Kabuso), Tone Wolff Kalstad (Sogn og Fjordane Kunstmuseum)

Publikasjon:

Agnes Btffn, Anna Ihle, Bjørn-Henrik Lybeck, Endre Aalrust, Kent Fonn Skåre, Kristin Velle-George

//

Tusen takk til Møre og Romsdal Fylkeskommune, Rogaland Fylkeskommune, Sogn og Fjordane Fylkeskommune, Hordaland Fylkeskommune, Bergen kommune, Fritt Ord, Kulturrådet, Stiftelsen Kjell Holm og Billedkunstnernes Vederlagsfond.

//

Om kurator:

Marte Danielsen Jølbo (f. 1984 i Stavanger) er kurator, skribent, redaktør og kunstformidlar. Sidan 2012 har ho drive prosjektrommet og forlaget Another Space – prosjektrom for kunst og arkitektur saman med arkitekt Nicola Markhus, og ho er medstiftar og redaktør for Contemporary Art Stavanger (CAS). Jølbo har vore kurator for ei rekkje utstillingar og tverrfaglege prosjekt, og har skrive og redigert fleire kunstfaglege essay og publikasjonar. I 2012 mottok Jølbo Stavanger kommune sitt kunstkuratorstipend, og ho har nyleg delteke i dei kuratoriske programma Curatorial Program for Research: Mexico, OCAs kurator-residency på ISCP i New York og KOROs Kuratorpraksis + det offentlege rom. Jølbo har ein mastergrad i Moderne kultur og kulturformidling frå Københavns Universitet og ein bachelor i litteraturvitskap. 

//

Om Vestlandsutstillingen:

Vestlandsutstillingen er den eldste landsdelsutstillinga, og vart for fyrste gong vist på Bergen Kunstforening i 1922. Det har heilt sidan starten vore ei juryert gruppeutstilling med fri innsending. I byrjinga bestod juryen av 5 kunstnarar som var valt av biletkunstnarorganisasjonane, men har sidan 1998 bestått av 1-3 inviterte kuratorar. Formålet med utstillinga er å arrangere ei årleg utstilling med verk av kunstnarar som har tilknyting til Vestlandet. Utstillinga skal vise frem samtidskunst av høg kvalitet som speglar den vestlandske kunstscena ut mot resten av landet.