Åpningstider
Mai til september: Hver dag kl.10–17
Oktober til april: Tirsdag-søndag kl.11–16, Mandag stengt
Hele året: Langåpent hver torsdag til kl. 20
Meny

vESTLANDSUTSTILLINGen 2016:  Lokale forhandlingar - KUBE 29.04.- 22.05.16

“Utan tittel”, maleri, 2015.  Elin Brissman
“Utan tittel”, maleri, 2015. Elin Brissman

Vestlandsutstillingen 2016, «LOKALE FORHANDLINGAR», ser nærare på kva det lokale kan tyde. Stadig fleire fenomen synest å røre seg på tvers av kulturelle, geografiske og nasjonale greinser. Nye nettverksformer og elektroniske skyformasjonar skaper klynger og gruppegrupperingar ein tidlagere ikkje kunne tenke seg. Det lokale har endra natur.

Samstundes oppstår produksjon av meining lokalt, og kan hende ikkje i fora me oppfattar som sentrale. Skildringar av heimlege omgjevnader utgjer ei nokså uavbroten linje i kunsten. På kva måte er det relevant for kunstnarar i dag å vere akkurat der dei er for å undersøkje det dei vil? Har det nære, heimlege og lokale fått ein ny aktualitet;- ikkje for å opphøge historia eller lukke seg for verda, men som eit forsøk på å lokalisere oss sjølve her og no?

«LOKALE FORHANDLINGAR» viser arbeid av til saman 23 kunstnarar:

Gard Aukrust*, Jonas Silfversten Bergman*, Tonje Bøe Birkeland*, Dani Waagen Braatveit, Elin Brissman*, Aud Bækkelund*, & Co (Patrik Entian og Aleksi Wildhagen), Leander Djønne*, Åsne Eldøy*, Christine Hansen, Synneva Heradstveit*, Kurt Johannessen*, Øyvind Johnsen*, Cecilia Jonsson*, Annette Kierulf*, Mari Kolbeinson, Trond Lossius* & Jan Schacker, Cato Løland*, Anne-Lise Stenseth, Linda Soh Trengereid*, Kyioshi Yamamoto. 

Kuratorar: Lars Korff Lofthus og Sveinung Rudjord Unneland

Utstillinga opnar på Kunstmuseet KUBE fredag 29. april klokka 19:00 

Utstillinga har då vore vist på Kabuso i Øystese og i Sogn og Fjordane Kunstmuseum i Førde. Etter Kunstmuseet KUBE vandrar utstillinga til Kunsthall Stavanger.

Vestlandsutstillingen er støtta av: Rogaland Fylkeskommune, Hordaland Fylkeskommune , Sogn og Fjordane Fylkeskommune, Møre og Romsdal Fylkeskommune, Stiftelseln Kjell Holm og Norsk Kulturråd.