Åpningstider

Museum

Mai til september: Hver dag kl.10–17
Oktober til april: Tirsdag-søndag kl.11–16, Mandag stengt
Hele året: Langåpent hver torsdag til kl. 20

Kafé

Mai til september: Hver dag kl.12–16
Oktober til april: Stengt

OBS! På grunn av arrangement torsdag 17.10 vil KUBE stenge kl. 18.00.

Meny

 Heidi Rødstøl - jugendstilsenteret og kube 31.03 - 27.05.2012

kk_hr000.jpg

Romkunstnaren Heidi Rødstøl har tatt tak i to svært ulike rom; den antikvariske spisestova på  Jugendstilsenteret og overlyssalen på Kunstmuseet KUBE. 

Spisestova på Jugendstilsenteret vart teikna av arkitekten Hagbarth Schytte – Berg i 1907. Romet er i dag ein del av Jugendstilsenteret si museumsutstilling og eit døme på jugendstilens gesamtkunstwerk. Overlyssalen er eit moderne utstillingsrom, ei kvit kube strippa for visuell støy.

Rødstøl har kalla si tolking av spisestova Meltdown, (nedsmelting). Det store bordet som dannar midtpunkt i spisestova er kledd i ein kvit duk som liksom smeltar og renn utover golvet. Den har tatt med seg dei vakre utskorne eikestolane, som ligg der som siluettar bortover golvflata. 

Spisestova er, til forskjell frå mykje av det andre Rødstøl har jobba med, eit rom der tida og historia har stått stille. Dei museumstilsette brukar hanskar når dei handterer gjenstandar i romet, i redsle for å slette denne fysisk sett intakte tidslomma.  Ein alarm og eit tau held dei museumsbesøkande på avstand, og gjer dei til tilskodarar heller enn deltakarar.  Den smeltande duken kan sjåast som ein kommentar til denne museumssituasjonen. Dei besøkande er hjelpelause vitne til at romet forvitrar. Den historiske lomma som museet voktar om er ein illusjon. 

Kontrasten til verket i overlyssalen på Kunstmuseet KUBE, Spine (ryggrad), er stor. Salen ligg under bakkenivå og er ny og kvitmåla. Her skal kunsten regjere, og romet fungerer som ein stille støttande statist. Den strenge kvitfargen, dei rette linjene, låsane, alarmane og dei merka nødutgangane gir svært sterke signal om at dette er eit høgtideleg og vel vokta rom.

Den store spiraltrappa som snor seg opp og ut gjennom takvindauget viser ikkje respekt for desse museale reglane.  Frå det eine punktet i romet er perspektivet slik at ein blir freista til å løfte beinet og gå i trappa. Tek ein eitt steg til sides er illusjonen broten, og ein oppdagar korleis det heile heng saman. Rødstøl har tatt i bruk nesten heile romet, inklusiv golv, vegger og tak for å skape denne malte illusjonen. Slik klarer ho både å bryte konvensjonane i museet, og å invitere publikum til å vere med på leiken.   

kurator, Ingvil Eilertsen Grimstad - Meir om kunstnaren på www.heidirodstol.no