Åpningstider

Museum

Mai til september: Hver dag kl.10–17
Oktober til april: Tirsdag-søndag kl.11–16, Mandag stengt
Hele året: Langåpent hver torsdag til kl. 20

Kafé

Mai til september: Hver dag kl.12–16
Oktober til april: Stengt

Meny

KUBE er stengt frem til 31.1.2020

graphic_vu20.jpg

VESTLANDSUTSTILLINGEN 2020

KUBE 31.1. - 1.3.2020 

Til Vestlandsutstillingen 2020 har kurator Elise By Olsen teke utgangspunkt i førestillingar om det ‘typisk' norske i møte med det ‘typisk' internasjonale innan samtidskunst. Det vestlandske landskap er levande nasjonalromantikk som til eikvar tid er synleg for området sine kunstnarar og dermed uunngåeleg. By Olsen interesserer seg for korleis landskapet formar kunsten den dag i dag. Samstundes lever me i ei tid der det er enkelt å delta i kunstnarlege diskursar utanfor sin lokale eksistens. I kjølvatnet av ein digital revolusjon, som nettopp er fri for mentale og fysiske avgrensingar gjennom tid og rom, spør kuratoren seg om det går an å tenkje nasjonalromantikk på nytt? Til svar har ho valt ut kunstnarar som går i nær dialog med sine omgjevnader – gjennom organiske prosessar, tidkrevjande metodar og handfaste materialar. I Vestlandsutstillingen 2020 vert forventningar om kuratorisk heilskap og geografisk tilhøyrsle forkasta til fordel for spontane, og overraskande analoge, spenningar mellom materialar, verk og publikum.

Kunstnarar: Ananda Serné, Catalina Aguilera, Eli Maria Lundgaard, Hans-Marius Pilskog Giske, Inga S. Søreide, Jan Kåre Ruud, Matias Kiil, Marit Silsand, Sofia Heinonen, Sofia Eliasson, Steinar Haga Kristensen, Thor Tao, Tore Winsents, Urd J. Pedersen, Vilde Salhus Røed

Vestlandsutstillingen er ei årleg utstilling med verk av kunstnarar som har tilknytting til Vestlandet. Utstillinga skal vise fram samtidskunst av høg kvalitet som speglar den vestlandske kunstscena slik den føregår i lokale, nasjonale og internasjonale kontekstar ut mot resten av landet.