Åpningstider

Onsdag – søndag 11 – 16.


 

Meny

Vi søkjer fagdirektør

00262.jpg

Vil du styrke Viti sin posisjon som kunstfagleg aktør?

Viti søkjer ein trygg og samhandlande leiar som kan løfte kunstavdelinga vår, arenaene våre og heile stiftinga i åra som kjem.

Les utlysinga og søk her.

Saman med motiverte, kompetente og engasjerte kollegaer skal leiaren vidareutvikle Viti sitt kunstfaglege program, våre utstillingar og publikumsaktivitetar. Kunstavdelinga utviklar, formidlar og forvaltar ei samling med særleg fokus på norsk- og nordisk jugendstil, og kunst med tilknyting til regionen. Samlinga rommar kunst, arkitektur og design frå slutten av 1800-talet og fram til i dag.

Fagdirektøren har fag-, personal- og budsjettansvar for fagavdeling kunst, og er ansvarleg for innkjøp, inn- og utlån av kunst, i tillegg til søknad og rapportering i fagseksjonen. Du skal styrke forskingsarbeidet i staben og ha kontakt med kunstfeltet nasjonalt og internasjonalt.

Vår nye leiar er strategisk, ser heilskap og har høgare utdanning, gjerne på masternivå, fortrinnsvis innan kunstfag. Du har helst vore leiar, har god kjennskap til kunstfeltet og gjerne erfaring frå utstillingsarbeid. Rett kandidat har stor arbeidskapasitet og gjennomføringsevne, og god forståing for musea sitt samfunnsoppdrag.

Inkludering og mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enda betre. Difor ynskjer vi oss medarbeidarar med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livsrøynsle og perspektiv. Har du ei funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg og til å søkje. Får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det.

Fagdirektør kunst inngår i leiargruppa i Viti. Stillinga rapporterer til administrerande direktør. Arbeidsstad er Ålesund, med noko reising.

Løn etter kvalifikasjonar og kompetanse i stillingskode 1538 fagdirektør, lønnstrinn 72 (677.600,-) – lønnstrinn 77 (752.800,-).

For meir informasjon om stillinga, ta kontakt med administrerande direktør, Audhild Gregoriusdotter Rotevatn, tlf. 90 84 39 77. Send cv og søknad via www.visindi.no.