Åpningstider

Onsdag – søndag 11 – 16.


 

Meny

Ledig stilling som markedskoordinator

ledig_stilling.png

Viti søker markedskoordinator i 100% fast stilling for Jugendstilsenteret og KUBE og Anders Svor-museet! Søknadsfrist 19. september.

 

Sentrale arbeidsoppgåver:                  

  • Ansvar for resepsjon, museumsbutikk og museumskafé inkludert drift, bemanning og utvikling 
  • Ansvar for booking av publikumsgrupper 
  • Ansvar for å utarbeide driftsbudsjett for arbeidsområdet 
  • Ansvar for å utarbeide månadleg og årleg besøksstatististikk  
  • Bistå ved utstillingsopningar og andre arrangement 
  • Bidra til innhaldsproduksjon på heimesider og sosiale media 
  • Delta i det faglege arbeidet for publikum- og marknadsutvikling, omdømebygging og profilering for Viti 
  • Delta i å bygge opp og iverksette nettbutikk for organisasjonen  
  • Samarbeide med avdelingane i Viti om planlegging av sesong og arrangement 
  • Anna kontorarbeid som naturleg fell inn under området 

 
Vi søker deg som har: 

  • Høgare utdanning innan marknad/sal, administrasjon eller kommunikasjon, minimum på bachelornivå 
  • Høg digital kompetanse 
  • Erfaring frå tilsvarande arbeid vert vektlagt 
     

Av personlege eigenskapar ønskjer vi oss deg som 

  • Er ein ryddig og sørvisinnstilt person som trivst med ein variert og samansett arbeidskvardag 
  • Har svært gode samarbeidsevner  
  • Har svært gode skriftlege og munnlege framstillingsevner, på norsk og engelsk. Fleire språk utover dette vil telje positivt 
  • Har kunnskap om eller interesse for kunst 

  

Vi brukar som hovudregel nynorsk som administrasjonsspråk.  Den som vert tilsett må meistre norsk både skriftleg og munnleg. Begge målformene må kunne nyttast.   

Personlege eigenskapar og erfaring blir vektlagt. 

 

Vi kan tilby 

  • Ein utfordrande jobb i eit utviklande og godt fagmiljø 
  • Ein spennande arbeidsplass med høge ambisjonar 
  • Løn i SK 1408 Førstekonsulent med aktuell lønsplassering i statens sitt lønsregulativ mellom LT 48 og LT 54 ut frå kvalifikasjonar, ansiennitet og erfaring. Ved særleg godt kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn avtalast. 
  • Fleksibel arbeidstid og medlemskap i Kommunal Landspensjonskasse med gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar. Frå løna vert det trekt 2 % innskot til pensjonskassa. 


Dei første 6 
månadane er prøvetid. Utviklinga av organisasjonen vår er ein kontinuerleg prosess, og den som vert tilsett må vere open for endringar i organisering, oppgåver og ansvarsområde. Det må påreknast noko reising mellom kontorstadane i organisasjonen.
 

 

Arbeidsstad: Jugendstilsenteret og KUBE, Ålesund 
Stillinga ligg i administrasjonsavdelinga under seksjon for marknad og publikumsmottak. Fagleg rapportering til marknadssjef. Personalansvar for stillinga ligg hos administrasjonssjef. 

Søknadsfrist: 19. september 2021 

Send ein kortfatta søknad med CV, vitnemål og attestar til postmottak@vitimusea.no 
Aktuelle kandidatar kan verte kalla inn til intervju og vi ynskjer referansar 

Merk søknaden Marknadskoordinator Viti 

Oppstart: Seinast 1. januar 2022 

Nærare opplysningar om stillinga ved marknadssjef Siw Solvang siw@vitimusea.no  
tlf. 920 41 967 
eller personalansvarleg Anja Rødset 
anja@vitimusea.no tlf. 919 01 329. 

 
Inkludering og mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enda betre. Difor ynskjer vi oss medarbeidarar med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livsrøynsle og perspektiv. Har du ei funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg og til å søkje. Får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. 

 

Stiftinga Viti er den største kulturinstitusjonen mellom Bergen og Trondheim. Museet er ein profesjonell vitskapleg institusjon med 63 tilsette og mange frivillige. Viti er organisert i 3 museumsfagavdelingar; kulturhistorisk avdeling, avdeling for samlingsforvaltning og kunstfagleg avdeling. I tillegg kjem administrasjonsavdelinga. Administrasjonen ligg i Ålesund, og dei spesialiserte museumsarenaene ligg i kommunane  Ålesund, Sykkylven, Volda og Ørsta, samt Vestnes. Samlingane omfattar både natur-, kyst-, by- og industrihistorie, samtidskunstkunst, jugendstil og eit folkemusikkarkiv.