Åpningstider

Museum

Mai til september: Hver dag kl.10–17
Oktober til april: Tirsdag-søndag kl.11–16, Mandag stengt
Hele året: Langåpent hver torsdag til kl. 20

Kafé

Mai til september: Hver dag kl.12–16
Oktober til april: Stengt

Meny

Svaneapoteket si historie

skjermbilde_2012_07_31_kl_10_10_01.png

Apoteket har ei lang historie i Ålesund. Det var det første apoteket på Sunnmøre, og blei drive på same stad frå 1819 til 2001. Frå starten i 1819 og fram til 1956 blei apoteket eigd og drive av familien Øwre. Huset var både forretning og privat bustad for familien.

DET FØRSTE APOTEKET PÅ SUNNMØRE

Apoteker Peder Jalles Øwre kjøpte handelsstaden Hellen i Ålesund i 1819, og starta det første apoteket mellom Bergen og Molde. Han var også ein av dei tre første som løyste handels­borgarskap da byen fekk ladestadsstatus i 1824. I tillegg til apoteket eigde Øwre en åttring slik at han også tjente pengar på det som var byens økonomiske basis, torskefiskeria. Det bodde berre om lag 200 mennesker i Ålesund i 1819, men etter som det ikkje var fleire apotek i distriktet, hadde Øwre eit stort kundegrunnlag over heile Sunnmøre. Det var nesten ikkje legar i landsdelen på denne tida, så apotekaren var ein viktig person i det sparsame helsestellet.

EIT GJESTFRITT HUS

Ved sidan av drift av apoteket blei det også drive gardsbruk på garden Hellen, og kvar vinter deltok apotekaren sin åttring i torskefisket. Hovudhuset hadde 25 rom i tillegg til kjøken og gangar. I Ålesund var det lenge ikkje hotell der overklassa – ”de kondisjonerte” – kunne bu når dei var på reise, så dei tok inn på Hellen: ”I både ett og to slektsledd framover forsatte apotekets innehavere det gamle grandseigneur-liv. Kom det utenbys gjester på besøk, noe som ofte skjedde, og de etter en lang og besværlig reise med datidens primitive befordringsmidler – åttringen eller seksringen – en sur og kald vinterdag kom inn i apotekerens lune stuer med sitt solide antike bohave og de store ovnene på 7 - 8 etasjer, der bjørkeveden spredte en behagelig varme og hvor vertsfolket på god gammeldags maner bød velkommen, glemtes snart reisens gjenvordigheter.” (udatert artikkel fra Sunnmørsposten truleg 1954)

SKIFTANDE HUS, MEN SAME APOTEK

I 1885 fekk apoteket sin første konkurrent, apotek Nordstjernen. Då skifta Aalesunds Apothek namn til Svaneapotheket. Jørgen Anton Johnsen Øwre, tredje generasjon apoteker, tok over forretninga i 1884. I 1891 blei det gamle apoteket tatt ned (det blei selt og sett opp att i Røysa i Ålesund) og nytt vart bygd. Det nye huset og alt som var i det blei flammane sin rov i januar 1904 saman med resten av byen. Etter brannen vart apotekergården bygd opp at i mur, slik som alle andre bygningar i Ålesund sentrum mellom Grensegata og Aspegata. Også denne gongen blei huset både forretning og bustad for apotekerfamilien.

Etter at den siste apotekaren av Øwrefamilien, Christian Øwre, slutta  i 1956, vart bedrifta drive vidare av fleire ulike apotekarar til dei siste eigarane flytta verksemda til eit kjøpesenter hausten 2001.

DRIVARAR I FAMILIEN ØWRE:

Peder Jalles Øwre  1788 – 1851 Dreiv apoteket frå 1819 – 1851

Karen Spliid Øwre  1800 – 1880 Som enke etter Peder J. Øwre eigde ho apoteket frå 1851 – 1859, men apotekdrifta blei styrt av sonen Peder.

Peder Leth Øwre 1826 – 1883 Dreiv apoteket frå 1851 - 1883

Jørgen Anton Johnsen Øwre1857- 1936 Søsterson av den ugifte og barnlause Peder. Dreiv apoteket frå 1884 – 1936

Christian Johnsen Dedekam Øwre 1886 – 1980 Dreiv apoteket frå 1936 – 1956