Åpningstider

Museum

Mai til september: Hver dag kl.10–17
Oktober til april: Tirsdag-søndag kl.11–16, Mandag stengt
Hele året: Langåpent hver torsdag til kl. 20

Kafé

Mai til september: Hver dag kl.12–16
Oktober til april: Stengt

OBS! På grunn av arrangement torsdag 17.10 vil KUBE stenge kl. 18.00.

Meny

Apotekergården

apotekergaarden.jpg

Jugendstilsenteret held  til i den gamle "Apothekergaarden" – det tidlegare Svaneapoteket, som vart lagt ned hausten 2001. Dette er eitt av dei ti freda bygga frå gjenreisingsperioden etter bybrannen i Ålesund i 1904. Huset er teikna av arkitekt Hagbarth Schytte - Berg (1860 – 1944). Han teikna heile 19 hus i Ålesund. Apotekergården stod ferdig i 1907, og er eit signalbygg med si sentrale plassering rett ved Brosundet, det høge tårnet og den karakteristiske granittfasaden.

Med sine mjuke overgangar, dei rike vindusformene, blyglasvindua, smijarnet, bruken av "groteskar" og svingande former i utskjeringane til dømes på dørene, er Apotekergården eit typisk art nouveau / jugendstilhus. I tillegg finn ein både ute og inne gode døme på den særnorske jugendornamentikken der norrøn stil smelta saman med den europeiske "piskesnerten".

Den indre romorganiseringa kan avlesast i fasaden, med t.d. vekslande ornamentering og vindusmarkeringar. Apotekergården var også eit av dei få husa vi kjenner til i Ålesund der noko av jugendstil- idealet om "totalkunstverk" (Gesamtkunstwerk) er verkeleggjort. Arkitekten teikna interiør og møblar i apoteket, i trappeoppgangen, hallen og i spisestova. I spisestova har arkitekten, i ein gjennomgåande stil, teikna både romløysing, brystningspanel, bord, stolar og skjenk. Spisestova vart totalrestaurert då Jugendstilsenteret opna i 2003.      

Last ned heftet om Apothekergaarden HER. Dette heftet er òg til sals i butikken på Jugendstilsenteret.