Skisser laga av gullsmeden Gustav Gaudernack. Elevane skal få lage sin eigne. Foto: Jugendstilsenteret.
Jugendstilsenteret og Kunstmuseet KUBE inviterer skuleklasser frå 5.klassetrinn til og med vidaregåande til omvisning og teikneverkstad i utstillinga Jugendstilens natur.
Utstillinga er laga i samarbeid med det internasjonale nettverket Réseau Art Nouveau Network, og skal visast i heile Europa. Dette er ei unik mogelegheit til å få ei grundig innføring i jugendstilen.
Det vil også bli vist gjenstandar frå vår faste samling. Dette vil mellom anna vere arbeid av Thorolf Holmboe, Gustav Gaudernack og Theodor Kittelsen med fleire, der ulike sider av naturen vil stå i fokus. Elevane vil også kunne få anledning til å besøke tidsmaskina, som tek dei med tilbake til 1904 i tida like etter bybrannen. Tidsmaskina er del av vår faste utstilling ved Jugendstilsenteret. Filmen Art Nouveau and Society, som blir vist over tre lerret, setter det heile inn i eit større internasjonalt perspektiv og viser den norske jugendstilen som del av ein større samanheng.
I verkstaden i andre etasje i på Kunstmuseet KUBE har vi laga ein teikneverkstad der elevane vil få anledning til å studere naturen på nært hald. Vi har fått låne ei samling utstoppa fuglar, som elevane får studere. I tillegg vil dei kunne nytte utstillinga aktivt, med sine mange innfallsvinklar og motiv henta direkte frå naturen og nytta som dekorative element både på arkitektur, interiør og gjenstandar.
Vi lærer om valørtoneskalaen og får ei innføring i enkle skisseteknikkar, som skravering og skuggelegging. Dei vil så få nytte eigen inspirasjon frå naturen (planteornamentikk, dyr, fugl m.m.) som dekorative element på ulike funksjonelle former.
Del I
Omvisning i utstillinga (45 min)
Del II
Teikneverkstad (45 min)
Del III
Jugendstilsenteret: Tidsmaskina (15 min) og filmen Art Nouveau and Society (15 min)
Frå læreplan i samfunnsfag:
Formål:
Som menneske inngår vi i ein historisk samanheng, og ei lang rekkje historiske hendingar har påverka utviklinga i samfunnet. I samfunnsfaget skal elevane lære om det kulturelle mangfaldet i verda i fortid og samtid, og lære seg å reflektere omkring det tradisjonelle og det moderne. Såleis skal faget medverke til medviten identitetsdanning og trygg forankring i eige samfunn og eigen kultur for alle elevar.
Frå læreplan i kunst og handverk:
Formål:
Opplevelse av kunst, design og arkitektur og bevisstgjøring av kulturarven i et globalt perspektiv utgjør sentrale sider ved faget.
Estetisk kompetanse er en kilde til utvikling på flere nivåer, fra personlig vekst, via innflytelse på ens egne omgivelser til kreativ nytenkning i et større samfunnsperspektiv.
Kompetansemål etter 10. årssteget
Historie: Mål for opplæringa er at eleven skal kunne gjere greie for teknologiske og samfunnsmessige endringar som følgje av den industrielle revolusjonen
Hovudområder:
Arkitektur. I arkitektur står kunnskap om det fysiske nærmiljøet sentralt. Dette innebærer kunnskap om hvordan bygningskulturen, inne- og uterom, kan påvirke vår hverdag.
Grunnleggende ferdigheter:
Tegning innebærer vurdering av proporsjoner og to- og tredimensjonale representasjoner. Sammenhengen mellom estetikk og geometri er også et vesentlig aspekt i arbeidet med dekor og arkitektur.
Artikkel Tegning et genialt universalspråk: aftenbladet.no
Ta kontakt for å avtale tidspunkt. Opplegget er eit GRATIS tilbod til skulane:
Ingvil Grimstad: ingvil.grimstad@jugendstilsenteret.no
Rita Slotterøy: rita@jugendstilsenteret.no
Telefon: 70104970