Morgendagens klassikere

Møre og Romsdal har vore leiande innan norsk møbelproduksjon i hundre år. Det starta med eit korgflettingskurs i 1908. Gjennom nyskapande design og målretta satsing har møblane funne sin plass i ein tøff internasjonal marknad. Men kva er god design, og korleis finn ein fram til god design?
Utstillinga inneheld nokre av dei mest spennande stolane som er laga det siste tiåret. Saman med ein formidlar får elevane ta i bruk og vurdere dei enkelte designa. Design er meir enn å sitte godt, og kor godt må ein eigentleg sitte? Elevane vert kjende med korleis ein designar tenkjer når eit møbel vert til. Viktige spørsmål er; kva skal stolen brukast til? Kvar passar han inn? Kva er han laga av? Kven kan tenke seg å kjøpe ein slik stol?
Og ikkje minst; kva slags stol kunne du tenke deg?