Åpningstider

Onsdag – søndag 11 – 16.


 

Meny

Bybrannatt fredag 22..01.16: Langåpent, gratis inngang og foredrag

Ålesundaren før og etter ildebrannen i 1904. Frå satirebladet Blækspruten.
Ålesundaren før og etter ildebrannen i 1904. Frå satirebladet Blækspruten.

Natt til 23. januar 1904 brann Ålesund ned til grunnen. Som vanleg markerer byen denne viktige hendinga i Ålesund by si historie, og denne fredagskvelden har også vi litt på programmet.  

Alle har gratis inngang heile fredag 22. januar, og vi utvidar opningstidene både på Kunstmuseet KUBE og på Jugendstilsenteret. Jugendstilsenteret har ope frå 11:00 - 21:00 medan Kunstmuseet KUBE har ope frå 11:00 - 19:00. 

Klokka 19:00, i kafeen, kan du få med deg foredraget: Ålesund - ei skattekiste med kunnskap om fortida v ingvil Eilersten Grimstad.

Gjenreisinga av Ålesund gir innblikk i eit unikt tidsbilete frå ei spennande tid i Ålesunds historie, og det er framleis mykje vi ikkje veit!  Grimstad har særleg interessert seg for kva gjenreisinga kan fortelje om dei som eigde dei nye husa.