Åpningstider

Onsdag – søndag 11 – 16.


 

Meny

liv_2684.jpg

Kunstnarsamtale og konsert

Vi har stor glede av å invitere til kunstnarkveld om romanifolkets historie i Norge, der vi byr på kunstnarsamtale med Liv Dysthe Sønderland og musikaren Elias Akselsen om kunsten og den vanskelege historia, og ein unik konsert med Elias Akselsen. 24. september kl 19.00. Dørane opnar kl. 18.45. 

Elias Akselsen er ein prisbeløna songar, musiker, og låtskrivar. Han har markert seg som ein av dei mest sentrale utøvarane av sitt eige folk, romanifolket, sin rike songtradisjon. Akselsen har gjeve ut i rekkje plater, og er ein særs ettertrakta og aktiv konsertartist.

Liv Dysthe Sønderland (f. 1967), Sjøholt. Sønderland er kjent for sine store monotypiar, men ho tek også i bruk teikning, collage og video. Mennesket er eit sentralt tema i kunstnarskapet hennar. For tida er ho aktuell med bestillingsverket ''Going Grey'' i utstillinga ''Er jeg menneske for deg?'' på KUBE.

Bestillingsverket synleggjer den neglisjerte historia til Svanviken interneringsleir for taterfamiliar på Eide, Nordmøre (1907–1989).