APOTEKERGÅRDEN

Jugendstilsenteret held til i den gamle "Apothekergaarden" – det tidlegare Svaneapoteket, som vart lagt ned hausten 2001. Dette er eitt av dei ti freda bygga frå gjenreisingsperioden etter bybrannen i Ålesund i 1904. Huset er teikna av arkitekt Hagbarth Schytte - Berg (1860 – 1944). Han teikna heile 19 hus i Ålesund. Apotekergården stod ferdig i 1907, og er eit signalbygg med si sentrale plassering rett ved Brosundet, det høge tårnet og den karakteristiske granittfasaden.