FØLG OSS PÅ    SKRIFTSTØRRELSE  A A  A     
ny_aktuelt_museum_16_03.jpg
FØLG OSS PÅ
Meny
 

arkivet etter gullsmed gustav  gaudernack

skjermbilde_2012_07_31_kl_14_28_27.png

Jugendstilsenteret fekk i 2007 deponert eit større arkivmateriale etter gullsmeden Gustav Gaudernack (1865 – 1914).  Vi arbeider no med å registrere og digitalisere materialet.  

Gustav Gaudernack vert rekna som landets fremste jugendstil/art nouveau  – gullsmed. Det er særleg arbeida hans i vindauge-emalje som har gjeve han denne posisjonen.

Gaudernack, som vart fødd i Bøhmen, tok utdanning i kunsthandverk, glas og emalje i Wien. I 1891 flytta han til Kristiania, der han starta som teiknar for Christiania Glasmagasin.  Mellom 1892 og 1910 var han den fremste designeren hos gullsmedfirmaet David- Andersen. Det var i denne perioden dei norske emaljeverkstadane opparbeidde seg ei leiande rolle internasjonalt.  I 1910 starta Gaudernack sin eigen emaljeverkstad.  

Naturen var Gaudernack si viktigste inspirasjonskjelde. Den nydelege Libelle- skåla med augestikkarhandtak og kravlande biller er eit godt døme på Gaudernack sitt elegante og nyskapande handverk. Produksjonen, og teikningsmaterialet etter han, er svært allsidig og omfattande.

Han interesserte seg òg for den meir tekniske sida av emaljeproduksjonen, og utvikla nye framstillingsmetodar for vindauge-emalje. Dei nye metodane gjorde det mogeleg å produsere større og meir dristige arbeid.  Under verdsutstillinga i St Louis i 1904 fekk han utmerkinga Grand Prix for arbeida sine.

Design og CMS: Osberget.no