FØLG OSS PÅ    SKRIFTSTØRRELSE  A A  A     
ny_aktuelt_museum_16_03.jpg
FØLG OSS PÅ
Meny
 

  ARKIV

mal_arkiv.jpg

ARKIV

Arkivet på Jugendstilsenteret skal, gjennom skriftlege kjelder, teikningar, foto og anna, søkje å dokumentere ulike uttrykk for jugendstil / art nouveau i Noreg.

Arkivet har ei særskild oppgåve når det gjeld å dokumentere jugendstilarkitekturen i Ålesund, men legg stor vekt på det nasjonale ansvaret som Jugendstilsenteret har i høve til dei mange ulike uttrykka i stilperioden.

Arkivet er underlagt same lovverk som andre arkiv når det gjeld tilgang, klausulering osb. Vi samarbeider med IKA-Møre og Romsdal.

DEKORATIVE VORBILDER

Bilda under er frå heftet "Dekorative Vorbilder", utgjevne i Stuttgart i 1908. Det inneheld plansjar som vart brukt som mønster og inspirasjon for handverkarar ved innvendig dekorasjon. Heftet er ei gåve til arkivet.

MÖBEL IM JUGENDSTIL

Det er ikkje nokon kjelder som er så gode som dei som kjem frå samtida! Dette (sjå bilda under -er ei samling malar og teikningar frå Leipzig i 1904. Malane kan ei bruke for å lage slike møblar som er viste på teikningane. Her ligg det framlegg til møblar både i "herre og damerom, salongar, spisestuer, baderom og soverom og gangar". 

Design og CMS: Osberget.no