Åpningstider
Mai til september: Hver dag kl.10–17
Oktober til april: Tirsdag-søndag kl.11–16, Mandag stengt
Hele året: Langåpent hver torsdag til kl. 20
Meny

 Morgendagens klassikere - På veien

dscn5092.jpg

Møre og Romsdal har vore leiande innan norsk møbelproduksjon i hundre år. Det starta med eit korgflettingskurs i 1908. Gjennom nyskapande design og målretta satsing har møblane funne sin plass i ein tøff internasjonal marknad.  Men kva er god design, og korleis finn ein fram til god design?

Utstillinga inneheld nokre av dei mest spennande stolane som er laga det siste tiåret. Saman med ein formidlar får elevane både lære om designhistoria i Møre og Romsdal og ta i bruk og vurdere dei enkelte designa. Design er så mykje meir enn å sitte godt. 
 
 
Elevane vert kjende med korleis ein designar tenkjer når eit møbel vert til. Viktige spørsmål er; kva skal stolen brukast til? Kvar passar han inn? Kva er han laga av? Kven kan tenke seg å kjøpe ein slik stol?
 
Og ikkje minst; kva slags stol kunne du tenke deg? Utstillinga er produsert av Kunstmuseet KUBE i samarbeid med Kultursekken i Møre og Romsdal. Biletkunstnar Heidi Rødstøl har har vore konsulent og formidlar.   
 
Utstillinga er eit tilbod for ungdomsskuletrinnet.