FØLG OSS PÅ    SKRIFTSTØRRELSE  A A  A     
ny_aktuelt_museum_16_03.jpg
ny_aktuelt_museum_16_05.jpg
ny_aktuelt_museum_16_08.jpg
FØLG OSS PÅ
Meny
 

Foredrag av Tove Haugsbø - Avlyst

Tove Haugsbø med Astrups barnetegninger foto: Dag Fosse, KODE
Tove Haugsbø med Astrups barnetegninger foto: Dag Fosse, KODE

Kveldens foredrag avlyses dessverre på grunn av sykdom. Vi håper på å få gjennomført det senere i høst, mer informasjon vil komme.

I forbindelse med Ørnulf Opdahl utstillinga "Vintersolverv" tilbyr vi eit bredt formidlingsprogram. Nikolai Astrup er ein av Opdahls mest sentrale inspirasjonskjelder.

Haugsbø tar utganspunkt i at Astrup kalla seg sjølv 'den mest sted-og jordbundne kunstner i landet' og på bakgrunn av det vil ho sjå nærare på landskapsmotiva Astrup sjølv forma og skulpturerte.

Tove Haugsbø (f. 1984) forsvarte i 2015 dr.art.-avhandlinga «Fortida gjennom notida. Nikolai Astrups kunst i ny perspektiv» ved Universitetet i Bergen. Gjennom avhandlinga posisjonerte Haugsbø Astrup som ein tidleg-modernistisk kunstnar, og ho løfta mellom anna fram Astrups bruk av fotografiet som studieteknikk og utforminga av Astruptunet som kunstnarleg motiv som sentrale eksempel på dette. Haugsbø er djupt involvert i arbeidet med internasjonaliseringa av Astrup og leiar Nikolai Astrup forskingssenter for kunst og landskap ved KODE i Bergen (etablert 2016). For tida utarbeider ho ein resonnerande katalog over Astrups maleri.


Design og CMS: Osberget.no