FØLG OSS PÅ    SKRIFTSTØRRELSE  A A  A     
ny_aktuelt_museum_16_05.jpg
FØLG OSS PÅ
Meny
 

 Morgendagens klassikere - På veien

dscn5092.jpg

Møre og Romsdal har vore leiande innan norsk møbelproduksjon i hundre år. Det starta med eit korgflettingskurs i 1908. Gjennom nyskapande design og målretta satsing har møblane funne sin plass i ein tøff internasjonal marknad.  Men kva er god design, og korleis finn ein fram til god design?

Frå hand til hovud frå hovud til hand

p10502631.jpg

Glaskunstnaren Terese Longva inviterer til ein verkstad der elevane lærer å overføre teikningar til glas ved hjelp av ein graverpenn. Elevane får tid til å prøve seg fram, slik at dei blir kjend med glaset sine eigenskapar.

I Longva sitt arbeid som kunstnar brukar ho glas til å fortelje om ting ho er oppteken av. Ho har jobba mykje med ressursbruk og sosiale roller. Elevane gir nytt liv til gamle medbrakte sylteglas og vert oppfordra til å gravere noko som fortel om dei sjølve. Slik blir dei, med Longva si rettleiing, tatt med inn i ein lang kunsthistorisk tradisjon; sjølvportrettet.

Elevane får ei unik mogelegheit til å jobbe med graverteknikk og glas, og til å møte ein billetkunstnar i arbeid. Det er lagt stor verkt på at elevane, gjennom eige arbeid, skal få erfaringar med både teknikk, material og kunsten si formidlande rolle.

Terese Longva (f. 1976) har si utdanning frå New York State College of Ceramics ved Alfred University i USA, Edinburgh College of Art i Skottland og Kosta Glass School i Sverige. Ho er i dag busett i Bergen og på Longva.
Dei siste åra har ho arbeid mykje med video og performance, og ho har hatt fleire utstillingar både i USA og Europa.
Ho utfordrar våre førestillingar om glas når ho brukar dette materialet til å stille spørsmål ved mellom anna sosiale roller og kjønn.

Sjå turneplan for våren 2016

Alderstrinn: 1. – 7. klasse 

Tid: 2  skuletimar á 45 min
Max antal elevar: 30

 

 JUGENDFEBER

I teaterforestillinga Jugendfeber møter vi karakterar som har fått  jugendfeber. Publikum blir med på ei underleg oppdagingsferd i den gamle Apotekergaarden. 

Skodespelar Inger Bakke tek publikum med på ei oppdagingsferd inne i Apotekergaarden. Her budde ein gong apoteker Øwre, og i dag er huset hans blitt museum over jugendstilen.

På ferda gjennom huset møter publikum ulike karakterar, som på ein eller annan måte har blitt råka av denne stilretninga. Forestillinga er produsert i samarbeid med Kultursekken i Møre og Romsdal og vert vist ved annonsering.  

Forestillinga er produsert av Jugendstilsenteret og Happy Monks produksjoner, for Kultursekken Møre og Romsdal. 
Regi og tekst: Karstein Solli og Inger Bakke
Scenografi: Solveig Fagermo
Musikk: Stian Omenås

Sponsor: Norsk kulturråd, Ålesund kommune, Møre og Romsdal fylke, Stiftelsen Kjell Holm

Design og CMS: Osberget.no