FØLG OSS PÅ    SKRIFTSTØRRELSE  A A  A     
ny_aktuelt_museum_16_03.jpg
ny_aktuelt_museum_16_05.jpg
ny_aktuelt_museum_16_08.jpg
FØLG OSS PÅ
Meny
 

Morgendagens klassikere

dscn5092.jpg

Møre og Romsdal har vore leiande innan norsk møbelproduksjon i hundre år. Det starta med eit korgflettingskurs i 1908. Gjennom nyskapande design og målretta satsing har møblane funne sin plass i ein tøff internasjonal marknad.  Men kva er god design, og korleis finn ein fram til god design?

Utstillinga inneheld nokre av dei mest spennande stolane som er laga det siste tiåret. Saman med ein formidlar får elevane ta i bruk og vurdere dei enkelte designa. Design er meir enn å sitte godt, og kor godt må ein eigentleg sitte? Elevane vert kjende med korleis ein designar tenkjer når eit møbel vert til. Viktige spørsmål er; kva skal stolen brukast til? Kvar passar han inn? Kva er han laga av? Kven kan tenke seg å kjøpe ein slik stol?

Og ikkje minst; kva slags stol kunne du tenke deg?

Utstillinga er produsert av Kunstmuseet KUBE i samarbeid med Kultursekken i Møre og Romsdal. Biletkunstnar Heidi Rødstøl har har vore konsulent og formidlar.   
 
Utstillinga har turnert rundt omkring i fylket dei siste tre åra, og er eit tilbod for ungdomsskuletrinnet. 
Turneplan for skuleåret 2016 / 2017 kjem snart. 

 Morgendagens klassikere - På veien

dscn5092.jpg

Møre og Romsdal har vore leiande innan norsk møbelproduksjon i hundre år. Det starta med eit korgflettingskurs i 1908. Gjennom nyskapande design og målretta satsing har møblane funne sin plass i ein tøff internasjonal marknad.  Men kva er god design, og korleis finn ein fram til god design?

 Harlekins farfar - karin nogva 

Karin Nogva studerer papirklipp ilag med elevar.
Karin Nogva studerer papirklipp ilag med elevar.

Karin Augusta Nogva arbeider med figurar i form av papirklipp og forteljing. Fortellingane handlar om farfaren hennar, som gjorde mykje som ho syns var spennande då ho var lita.

Karin Nogva arbeider med figurar i form av papirklipp og forteljing. Fortellingane handlar om farfaren hennar, som gjorde mykje som ho syns var spennande då ho var lita. Ho fortel desse historiene ved hjelp av papirklipp på lysbord. Farfaren, som har fått artig harlekindrakt, og andre figurar blir prosjektert på vegg og får liv som i ein animasjon. I utstillinga blir elevane oppfordra til å tenke over sine eigne historier, gjerne personar som står ein nær slik som besteforeldre eller andre eldre.  

I tillegg blir elevane kjende med papirkunst. Karin Augusta Nogva er veldig glad i papir. Papir kan ha mange ulike kvalitetar og brukast til så mykje! Tjukt og mjukt papir kan bli til ein fin kjole med harlekinmønster. Stivt papir kan bli til ei bok der Karin kan gøyme små papirklipp som ho har arbeidd med lenge. Når ho bretter ut boka, blir boka ein stjerneskulptur. Stjerna blir eit lite galleri der ho kan vise fram papirklippa ho har laga. Kvart klipp er eit lite kunstverk, eit utskore og gjennomskineleg bilete som gøymer noko endå skjørare enn det tynne og utskorne papiret; minna om farfaren hennar. 

Produsert i samarbeid med: Møre og Romsdal fylkeskommune og Kunstmuseet KUBE

Sjå turneplan for hausten 2015

EG er eit hus

"Eg er eit hus" er ein skapande malarverkstad der deltakarane arbeider saman med kunstnaren om å løyse ei oppgåve. Det handlar ikkje om prestasjon, men leik og undring for å oppdage noko om seg sjølv gjennom eigen kreativitet og skaparkraft. Her får elevane møte kunstnaren på verkstaden i ein arbiedsprosess og får erfaring i å ta opp impulsar som oppstår undervegs i arbeidet. Samarbeid med andre er viktig på ein kunstverkstad. Elevane kan velje å arbeide aleine med eigne bilete, eller saman med andre om eit større arbeid - "Eg er eit hus i ein by".

Bileta skal knyttast opp mot identitet - spegle den vi er, det vi kjenner at vi er, eller det vi helst vil vere. Eller kanskje staden vi har flytta ifrå, staden der vi bur no eller staden der vi gjerne skulle bu. Kvar elev måler sitt hus; Er eg eit einsamt hus? Eller eit trist hus? Eller er eg eit hus fullt av glede og lys?

Ein verkstadsdag inneheld verkstad for to grupper a 25 stk der kvar gruppe arbeider i to skoletimar. 50 elevar kan altså få tilbod i løpet av ein verkstadsdag. Sjå turneplan for hausten 2015.

Design og CMS: Osberget.no