FØLG OSS PÅ    SKRIFTSTØRRELSE  A A  A     
ny_aktuelt_museum_16_03.jpg
ny_aktuelt_museum_16_05.jpg
ny_aktuelt_museum_16_08.jpg
FØLG OSS PÅ
Meny
 

jugendfeber / BYEN

Foto: Ottar Andre Andersson
Foto: Ottar Andre Andersson

I oktober får Jugendstilsenteret og Kunstmuseet KUBE besøk av ålesundselever som skal følge den koreograferte vandringa Jugendfeber og oppleve utstillinga BYEN.

JUGENDFEBER

Kvifor er nokre menneske så glade, ja mest sjuke, etter gamle hus, møblar og gjenstandar. Kva er det som gjer at nokre føler kjærleik ved fyrste blikk på eit gamalt bord eller ein stol? Er det det dei runde kantane? Dei mjuke linjene i beina? Treverket i den glatte bordplata? Eller er det kjensla av at gjenstanden gøymer historier om menneske som ikkje finst lengre?

Skodespelar Inger Bakke tek publikum med på ei oppdagingsferd inne i Apotekergården. På ferda gjennom huset, møter publikum karakterar med jugendfeber. Dei har ikkje mykje anna til felles, men dei har alle ein feberheit kjærleik til gjenstandar som er utforma i jugendstil.

Jugendfeber er eit leikent møte med Jugendstilsenteret sine mange rom og gjenstandar. Kva skjer når vi ser på Jugendstilen med nye briller? Kva kan ”skjønnheit” og kunst vere? Og kva er vitsen?

Vandringa er eit samarbeid mellom Jugendstilsenteret, Happy Monks produksjoner og Kultursekken.

Denne framsyninga skjer i Apotekargården på Jugendstilsenteret og tar 45 minutt.

Karstein Solli – regi og tekst

Inger Bakke – regi og tekst

Solveig Fagermo – scenografi

Stian Omenås – musikk

 

MAL DIN BY - Omvisning og workshop

BYEN er eit utstillingskonsept som rommar fleire prosjekt. Målet til Kunstmuseet KUBE er å sjå nærmare på byen generelt, og korleis byar er i endring. Eitt av desse prosjekta er MAL DIN BY.

Opplegg for grunnskule:

Vi startar med ei kort omvisning i kunstutstillinga BYEN SOM ARENA, der vi møter både internasjonale, nasjonale og lokale kunstnarar som på ulike måtar har uttrykt seg om by – og byliv.  

Etter omvisninga går vi i verkstaden MAL DIN BY.

Her inviterer vi både barn og vaksne til å male eit stort bylandskap. Dette vil skje i Overlyssalen, der vi har ein 15 meter lang og 3 meter høg vegg. Vi gjer om Overlyssalen til ein maleverkstad der elevar og vaksne som deltek i opplegget malar sin by. Under rettleiing av formidlar vil eit kjempestort bylandskap vekse fram; fylt av personlege erfaringar med det å bu i by, eller ønsker og draumar for byen. Opplegget er utvikla i samarbeid med ein av landets fremste ekspertar på frescoteknikk, biletkunstnaren Bent Erik Myrvold.  

Maleriet vil bli ståande under heile utstillingsperioden, og er ein viktig del av utstillingskonseptet BYEN.

Tidsbruk: Omvisning 15 minutt. Maleverkstad 30 minutt.

Opplegget er utvikla av Kunstmuseet KUBE, i samarbeid med biletkunstnar Bent Erik Myrvold.

Opplegget er spesielt tilpassa Kultursekken i Møre og Romsdal, og vil gå parallelt med forestillinga Jugendfeber på Jugendstilsenteret. Alle elevar får vere med på begge opplegga. 

Kunstnarar BYEN SOM ARENA: Marte Aas (NO), Sophie Calle (FR), Amal Kenawy (EG), Clara Ianni (BR), Elsebeth Jørgensen (DK), Ane Hjort Guttu (NO), Kay Arne Kirkebø (NO), Tom Molloy (IR), Jon Benjamin Tallerås (NO)

Design og CMS: Osberget.no