FØLG OSS PÅ    SKRIFTSTØRRELSE  A A  A     
ny_aktuelt_museum_16_03.jpg
ny_aktuelt_museum_16_05.jpg
ny_aktuelt_museum_16_08.jpg
FØLG OSS PÅ
Meny
 

Frå hand til hovud frå hovud til hand

p10502631.jpg

Glaskunstnaren Terese Longva inviterer til ein verkstad der elevane lærer å overføre teikningar til glas ved hjelp av ein graverpenn. Elevane får tid til å prøve seg fram, slik at dei blir kjend med glaset sine eigenskapar.

I Longva sitt arbeid som kunstnar brukar ho glas til å fortelje om ting ho er oppteken av. Ho har jobba mykje med ressursbruk og sosiale roller. Elevane gir nytt liv til gamle medbrakte sylteglas og vert oppfordra til å gravere noko som fortel om dei sjølve. Slik blir dei, med Longva si rettleiing, tatt med inn i ein lang kunsthistorisk tradisjon; sjølvportrettet.

Elevane får ei unik mogelegheit til å jobbe med graverteknikk og glas, og til å møte ein billetkunstnar i arbeid. Det er lagt stor verkt på at elevane, gjennom eige arbeid, skal få erfaringar med både teknikk, material og kunsten si formidlande rolle.

Terese Longva (f. 1976) har si utdanning frå New York State College of Ceramics ved Alfred University i USA, Edinburgh College of Art i Skottland og Kosta Glass School i Sverige. Ho er i dag busett i Bergen og på Longva.
Dei siste åra har ho arbeid mykje med video og performance, og ho har hatt fleire utstillingar både i USA og Europa.
Ho utfordrar våre førestillingar om glas når ho brukar dette materialet til å stille spørsmål ved mellom anna sosiale roller og kjønn.

Sjå turneplan for våren 2016

Alderstrinn: 1. – 7. klasse 

Tid: 2  skuletimar á 45 min
Max antal elevar: 30

 

Design og CMS: Osberget.no