FØLG OSS PÅ    SKRIFTSTØRRELSE  A A  A     
ny_aktuelt_museum_16_03.jpg
ny_aktuelt_museum_16_05.jpg
ny_aktuelt_museum_16_08.jpg
FØLG OSS PÅ
Meny
 

ENTER VS DELETE

Frå workshopen i vandreutstillinga Enter vs. delete. Foto: Vania Cunha
Frå workshopen i vandreutstillinga Enter vs. delete. Foto: Vania Cunha

Vandreutstlinga Enter vs Delete er ein verkstad med fokus på teknologiske objekt. Samfunnet vårt renn over av teknologi som utviklar seg i eit stadig raskare tempo. Desse objekta, som er ein viktig del av kvardagen vår, vert raskt fortidsmateriale og miljøavfall.

Dette er problemstillingar som kunstnaren Vania Cunha jobbar med. Utgangspunktet for denne verkstaden er kasserte PC tastatur. Kunstnar, elevar og skule blir invitert til å reflektere over og omskape desse aldrande teknologiske objekta. 

Kunstnaren innleier med å snakke om kunstprosjekta sine med elevane. Elevane jobbar så i grupper der dei utforskar og studerer gamle kasserte PC – tastatur. Vidare deltek elevane i prosessen med å demontere tastatura og å gi dei nytt liv ved å skape eit bilde eller ein installasjon på skulen.

Gjennom ei leikande tilnærming til teknologiske objekt får elevane ei annleis erfaring med dei symbolske og estetiske eigenskapane ved objekta. Målet er å stimulere elevane sin kreativitet og evne til refleksjon, og å gi dei innsikt i ulike arbeidsmåtar innanfor kunstfeltet.

Kunstnar: Vania Cunha
Utdanning: Mastergrad i Kunst og Design i offentleg rom (2009); Bachelor i Maleri (2007) fra Porto kunsthøgskule, Portugal.
Målgruppe: Ungdomsskule og vidaregåande skule
Tid: 2 skuletimar
Maks antal elevar: inntil 30 (ei skuleklasse)
Merknad: Elevene vert oppfordra til å ta med minst eitt gammalt/kassert PC- tastatur frå heimen eller frå returpunkt for elektrisk avfall. Gjennom dette bidreg elevane til å skaffe materiale til verkstaden, samstundes som dei får eit inntrykk av den avfallsmengda teknologiske gjenstandar utgjer i samfunnet vårt.

Vandreutstillinga vil vere på vegane frå hausten 2016. Meir informasjon kjem.  

 

Design og CMS: Osberget.no